Mat og drikke har alltid vore ein viktig del av reiselivet, og er i dag ein relevant tiltrekkingsfaktor for reisande. Reiseopplevingar der gastronomi står i sentrum, tiltrekker seg stadig fleire gjester og kan og vere hovudgrunnen til at folk vel å besøke ein destinasjon.
Studiestad: Hjeltnes
Utdanningsform: nettbasert med samlingar
Studiepoeng: 30
Varigheit: eitt år på deltid
Kostnader: studieavgift på kr 3000 per semester og semesteravgift å kr 650 per semester
Neste studiestart: august 2025
Søknadsfrist: 15.april 2025
Studiet gastronomisk reiseliv vil fokusere på gastronomisk turisme som ein eigen form for reiseliv. Samstundes sjå korleis gode mat og drikkeopplevingar er viktig for reiselivet som heilheit. Studiet vil sjå på korleis ein skapar unike opplevingar, korleis dei skal prisast og marknadsførast.
Organisering av utdanninga
Utdanninga er på 30 studiepoeng som tilsvarar ½ år på fulltid. Vi tilbyr dette som nettbasert utdanning med samlingar over eit år. Det blir 6 samlingar på 4 dagar, i tillegg vert det nettundervisning mellom samlingane.
Det vert undervist i 3 emner, som har avsluttande eksamen etter siste samling med emnet.
Gjennomføringsmodell
Emnenamn |
Studie-poeng |
1. semester |
2. semester |
Gastronomisk turisme |
10 |
10 |
|
Produktutvikling, innovasjon og konseptbygging |
12 |
6 |
6 |
Markedsføring og merkevarebygging |
8 |
|
8 |
SUM |
30 |
15 |
15 |
Opptak
Du kan søkje studieplass på grunnlag av:
- Fagbrev Naturbruk (agronom, gartnar)
- Fagbrev Restaurant og matfag (alle fagbrev)
- Fagbrev Sal, service og reiseliv (salgsmedarbeider, reiselivsmedarbeider)
- Generell studiekompetanse
Opptak på grunnlag av realkompetanse
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.